Sangkvelder på Klepp

Kjære songdansvener

Som kjent har Klepp leikaring øving i songdansar ein gong i månaden. Øvingane er gratis og er opne for alle.

I 2015 kom det stadig fleire dansarar med, men hittil i år har derimot deltakinga gått stadig nedover. Så langt eg har forstått, har det dei siste øvingane vore under 10 par – og helst bare 5-7 par. Det er lite til å skapa gilde songdanskveldar.

Eg oppfordrar alle som er glade i songdans og som har vore innom sondansøvingane til Klepp leikarring om å støtta opp om desse. Det hadde vore flott om me kunna halda liv i songdansen på Klepp framover. Slik det er nå, er eg redd det kan verta vanskeleg å driva vidare med så få par.

Neste øving er førstkomande torsdag 21. april. Møt opp!

Helsing
Helge Herigstad