Kulturkveld i BUL søndag 6 november

Hei alle sammen.
Vi har fått denne innbydelsen fra BUL i Stavanger:

Kulturkveld. Konsertforedrag med Jørgen Sagevik

Søndag 6. november kl. 19:00 i Siddis-stova, Rektor Oldensgt. 17, Stavanger.

Variert program der Jørgen tek oss med i lyrikk, musikk, allsong m.m.
Han spelar både på munnspel (har m.a. teke kurs hos Tommy Reilly), to-rader og trekkspel, og kvelden blir avslutta med folkedans der Jørgen Sagevik spelar til dansen.

Me byd og på kaffi og litt å bita i.

Jørgen Sagevik var ein mykje brukt spelemann på folkedanskveldane i BUL på slutten av 60-talet, BUL-folk frå den tida hugsar han sikkert, og han vil også «mimre» litt frå den tida.

 

Inngangspengar kr. 200,-

Med helsing
Bondeungdomslaget i Stavanger