Konsert og folkedanskveld i BUL Søndag 27. september

BUL Konsert og dans

Dag skriv dette om programmet:

Vi ser fram til konsert i Bul, og trur det kjem til å bli bra. Namnet på gruppa vår er “Sveip”, og vi har spelt mykje i det siste. Kyrkjekonsertar, konsertar for lag og organisasjonar, festivalar og ved åpningar av utstillingar etc, i tillegg til mange private arrangement.

Det vi speler er variert. Nokre låtar kan vere folk-låtar med vokal som blir arrangert for hardingfele, gitar, orgel/piano og vokal. Dette kan vere meir viseprega, litt sånn Odd Nordstoga-preg, medan andre låtar har vi oversatt fra amerikansk til jærsk, med melodiar som kan vere ein mellomting av vise- og songwritertradisjon.

Men det vi verkeleg har mest av, er tradisjonelle slåttar på hardingfele som vi har arrangert på ny måte, der gitar og orgel spelar ei viktig rolle. Her kan du høyre slåttar frå Bjerkreim som har fått ny innpakning, og du kan høyre tradisjonelle vestlandsslåttar med heilt nye arrangement. Så vidt vi veit, er det ingen andre i Noreg som har gjort det på same måten som vi har. Det kan til dømes kome av at Jarle Obrestad som syng, spelar el-orgel og gitar, har sin bakgrunn i både vise, pop, rock og country. Han set sitt stempel på mange slåttar på ein måte som ingen andre har gjort før han. Han er profesjonell musikar, og spelar i mange band. Kanskje kjenner mange han som tidlegare medlem i “Vind i gardhol.” Det er vel ingen på Jæren som ikkje kjenner den gruppa. Han har gått så opp i rolla som folkemusikkinteressert at han og har lært seg å spele hardingfele. Eg, Dag Bjørkedal, har lært meg å sett pris på å spele i ulike sjangrar. Eg har gjeve ut plate med blugrass, heavy metal og gamaldans. Det gjer at ein får lyst å tilføre folkemusikken nye aspekt samtidig som ein held på dei originale slåtteformene.