Festkveld på Folkets hus i Sandnes 2. april i regi av Folkemusikkarkivet, Ryfylkemuseet.

INVITASJON TIL BYGDA DANSAR-FESTKVELD

Sandnes, laurdag 2. april, på Folkets hus kl 19.30

Me feirar at Bygda dansar startar opp i Rogaland til hausten! Her blir det servert både eit flott program, mat og drikke – og du får dansa til topp levande dansemusikk!

PROGRAM:
FESTFRAMSYNING med utøvarar som Ulf Arne Johannessen, Vidar Skrede, Håvard Ims, Mark Laurenson, Tove Solheim, Åshild Vetrhus m.fl
Mathilde Øverland kjem frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim med oppdatert informasjon om Bygda dansar-prosjektet i fylket vårt.

MAT – det blir sal av varmmat og søtmat DANS – musikk ved Vidar Skrede, Håvard Ims og Mark Laurenson i tillegg til ulike gjester.

Har du spørsmål vedrørande kvelden, kontakt Folkemusikkarkivet v/Åshild Vetrhus:
E-post:
ashild.vetrhus@ryfylkemuseet.no
Tlf: 97 50 34 63

Alle er hjarteleg velkomne!

Gratis inngang
Sal av mat, øl, vin og mineralvatn.

Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet

Følg oss på facebook!