“Bygda dansar” – dansefest i Siddis-stova 29. april kl 19:30

Følgende informasjon er kommet fra BUL:

Hei.

Bygda dansar prosjektet er no i Rogaland, og har allereie hatt fleire samlingar rundt i fylket.
Helga 28. – 30. april er dei i Stavanger hos oss i BUL.
Då vert det dansefest i Siddis-stova laurdag 29.4. kl. 19:30.
Jæren frilynde spelar til dansen, men og Tuva Færden vil syte for god musikk. (ein av trioen i Raabygg som var her tidlegare i vår)
For “Bygda dansar”-deltakarar er det gratis. Alle me andre betalar kr. 100,- i inngangspengar.
Me serverer og lappar, kaffi, te, frukt.
Vil du lese meir om dette prosjektet, kan du finne dette på www.bygdadansar.no
Set du av laurdagskvelden?
Med helsing
Bondeungdomslaget i Stavanger