BUL: 1. desember er det konsert med Majorstuen og dans til Fuglen etterpå

Informasjon fra BUL Stavanger:

Laurdag 1. desember kl. 19:00 er me så heldige å få konsert med folkemusikkgruppa Majorstuen. Dei fekk i si tid spellemannsprisen for debutplata si «Majorstuen», og har seinare blitt nominert til både denne og andre prisar for seinare plater dei har kome med.

Og etter konserten kan du danse og/eller lytte til spel av «Fuglen»

FUGLEN er ein stad folk møtest til spel, dans, lytting, ein prat og ein matbit. Er du nybegynnar eller garva dansar? Har du berre tatt nokre strøk på fela eller har du lyst til å få større kjennskap til din eigen folkemusikktradisjon? Er du nysgjerrig på kva dette er for noko? Velkomen til alle som vil hiva seg med, uansett motivasjon eller bakgrunn. Pris kr 250,-.